Nordfjordeid – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Etymologi

norrønt Eygir, seinare tolka til Eid og samansett med Nordfjord.

Innbyggjartal

3129 (SSB, 2023)

Landareal

2,5 km²

Tettstadsnummer

5701 Nordfjordeid

Nordfjordeid er ein tettstad i Stad kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,5 km², og har 3129 innbyggjarar (2023).

Nordfjordeid er administrasjonssentrum i Stad kommune, og ligg ved botnen av Eidsfjorden, som er ein arm av Nordfjorden.

Av industri finst trevare og næringsmiddelindustri med mellom anna konservesfabrikk og slakteri. Dessutan finst verkstads-, møbel- og bekledningsindustri.

Nordfjordeid er kommunikasjonsknutepunkt og handelssentrum for store delar av Nordfjord.

I Nordfjordeid finst ein av Noregs eldste ekserserplassar, sjukehus, folkehøgskule og her kjem avisa Fjordabladet ut. Her er òg Eid vidaregåande skule frå 1922 og Operahuset Nordfjord frå 2009.

På Nordfjordeid finst ein del eldre busetnad. Eid kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1849 som vart påbygd i 1915.

Malakoff Rockfestival frå 2003 har utvikla seg til å bli ein sentral rockeaktør på Vestlandet. Hingsteutstillinga for fjordhest på Nordfjordeid er ei tradisjonsrik storhending.

Nordfjordeid fra fjorden. Tidlig vinter.

Nordfjordeid.