Nynorsksenteret – Store norske leksikon (original) (raw)
Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen, og legg vekt på å utvikle metodar og arbeidsmåtar som kan vere med på å skape språkkompetanse og motivere for arbeid med nynorsk.
Faktaboks
Også kjend som
Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Ansvaret for den faglege styringa og oppfølginga er delegert frå Kunnskapsdepartementet til Utdanningsdirektoratet. Senteret vart oppretta i 2005 og er lokalisert til Høgskulen i Volda.