Odda – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Innbyggjartal

4764 (SSB, 2023)

Landareal

2,9 km²

Tettstadsnummer

5092 Odda

Odda er ein tettstad i Ullensvang kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,9 km², og har 4764 innbyggjarar (2023).

Odda er administrasjonssenter i Ullensvang kommune. Tettstaden ligg ved botnen av Sørfjorden, på begge sider av Opo, elva mellom Sørfjorden og Sandvinvatnet ovanfor. Odda er den største tettstaden i Hardanger.

Odda har lange tradisjonar både som turist- og industristad. Det starta med turisttrafikk sist på 1800-talet, då Odda var blant dei viktigaste turistmåla i landet. Men verkeleg stor vekst fekk staden med vasskraftutbygginga og industrireisninga i kommunen som starta først på 1900-talet. Denne utviklinga gav tilbakegang i turisttrafikken, og først frå 1970-talet og utover har turisttrafikken igjen vist vekst.

I dag er Odda prega av offentleg administrasjon og tenesteyting, som forutan den kommunale verksemda òg omfattar mellom anna Odda sjukehus, som sorterer under Helse Fonna HF, og fylkeskommunal vidaregåande skule.

Hjørnesteinsbedrifta Odda Smelteverk vart lagd ned i 2003; ho vart oppført på UNESCOs Liste over kultur- og naturarven i verda i 2009. I dag speler Boliden Odda på Eitrheimsneset lengst nordvest i tettstaden, noko utanfor fjordbotnen, ei tilsvarande rolle for kommunen. Tettstaden er eit viktig handels- og servicesenter for Indre Hardanger og eit viktig samferdselsknutepunkt.

Odda har frå 2004 bystatus etter kommunalt eigenvedtak.