Park Geun-hye – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Park Geun-hye
Fødd
2. februar 1952, Taegu, Sør-Korea
Park Geun-hye er ein sørkoreansk tidlegare politikar. Ho var Sør-Koreas president frå 25. februar 2013 til 10. mars 2017. Park var Sør-Koreas første kvinnelege president.
Park Geun-hye er dotter av tidlegare president Park Chung-hee (president 1963–1979). I 1974 blei ho de facto Sør-Koreas førstedame i ein alder av 22 år, etter at mora, Yook Young-soo, blei drepen i eit attentat opphavleg retta mot faren.
I desember 2016 blei Park stilt for riksrett tiltalt for korrupsjon. Den 10. mars 2017 blei ho dømd til å fratre stillinga som president for å bli stilt for retten. Dette er første gong ein demokratisk valt leiar i Sør-Korea blir avsett. Året etter blei ho dømd til 32 år i fengsel, men 24. desember 2021 blei ho benåda av regjeringa.