Rødberg – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Innbyggjartal
507 (SSB, 2023)
Landareal
0,7 km²
2171 Rødberg
Rødberg er ein tettstad i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 507 innbyggjarar (2023).
Rødberg er administrasjonssenter i Nore og Uvdal kommune, og er den største tettstaden i Numedal (utanom Kongsberg).
Rødberg ligg like nedenfor samløpet av Uvdalselva (Uvdalsåe) og Smådøla, i nordenden av Rødbergdammen. Ved bredden av den ligg kraftstasjonen Nore I, 3 km mot søraust Nore II (sjå Nore kraftverk), 1 km mot sør, inne i fjellet, Uvdal II. Frå Rødberg strekk og seterdalen Smådøldalen seg nordover.
Rødberg var tidlegare endestasjon for Numedalsbanen. Fylkesveg 40 Larvik–Kongsberg–Geilo går gjennom tettstaden; herfrå går òg fylkesveg 2806 via Tunhovd til Skurdalen i Hol (fylkesveg 40). Frå Tunhovd går fylkesveg 2910 gjennom Rukkedalen til Nesbyen i Hallingdal (fylkesveg 214).
Namnet kjem av adjektivet 'raud', siktar til koparfarga berg.