Rasmus Flo – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Rasmus Flo

Fødd

29. september 1851, Stryn, Vestland

Død

30. november 1905, Kristiania (no Oslo)

Verke

Lærar, filolog og målmann

Familie

Foreldre: Gardbrukar Jørgen Rasmussen Flo (f. 1804) og Ragnhild Amundsdatter (f. 1807).

Ugift.

Rasmus Flo

Rasmus Flo

Midlandsmaal, 1906

Boka Midlandsmaal etter framlegge fraa rettskrivingsnemndi i 1899 ved Arne Garborg.

Rasmus Flo var ein norsk filolog, lærar, språkrettar, omsetjar og tidsskriftredaktør. Han gjorde hovudarbeidet med tidsskriftet Syn og Segn dei første åra og sat i den første rettskrivingsnemnda for nynorsk.

Bakgrunn

Rasmus Jørgensen Flo var fødd i Stryn i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Kristiania (no Oslo). Han tok lærareksamen ved Stord seminar i 1871, examen artium i 1873 etter eit år på Heltbergs studentfabrikk og vart cand.philol. ved universitetet i Kristiania i 1881 med faga engelsk, fransk, tysk og norsk. Fram til 1892 livnærte han seg som lærar, deretter dreiv han med litterært arbeid.

Språkvitskapen

I 1892 vart Flo hjelpesmann for Moltke Moe i arbeidet med Nordahl Rolfsens lesebok, og deretter drog det eine arbeidet det andre etter seg. Han var redaktør av Syn og Segn frå tidsskriftet vart skipa i 1894 til han døydde, dei første åra saman med Arne Garborg og Moltke Moe, seinare saman med Halvdan Koht.

Flo gjorde storparten av arbeidet med andre og tredje bandet av Andreas Austlids lesebok, og han hjelpte Steinar Schjøtt med Snorre-omsetjinga frå 1900. Mange av skaldekvada der var omsette av Flo. Han var rådgivar og språkrettar for dei fleste nynorske forfattarar og bladfolk i samtida. I Det Norske Samlaget var han varamedlem til styret i 1894–1896 og medlem av styret i perioden 1896–1903.

Då den første rettskrivingsnemnda for nynorsk vart nedsett i 1898, kom Flo med, saman med Arne Garborg og Marius Hægstad. Her gjorde han hovudarbeidet med framlegget frå fleirtalet, Garborg og Flo, som tilrådde den såkalla midlandsnormalen, bygd på austnorsk fjellbygdmål. Mindretalet, Hægstad, gjekk inn for ei modifisert Ivar Aasen-norm, som var den norma departementet fastsette i 1901 for skule og administrasjon. Elevar som ønskte det, kunne bruke midlandsnormalen, men denne norma fekk lite å seie.

I 1900 omsette han Frederick Marryats barnebok Styrmann Stav, og i 1902 gav han ut Gamle skaldar og kvad, med kvadi umsette paa nynorsk. Posthumt (1906) kom Midlandsmaalet ut.

Utmerkingar

Ved fødegarden på Flo i Stryn er det reist ein minnestein over han.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Faktaboks

Rasmus Flo

Historisk befolkingsregister-ID

pf01037045162893

Kommentarar