Rasmus Sivertsen Aarflot – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Rasmus Sivertsen Aarflot
Fødd
17. januar 1792, Årflot i Ørsta
Død
19. januar 1845, Ekset i Volda, gravlagt på Volda kyrkjegard
Verke
Bonde, lensmann, boktrykkar og stortingsmann
Familie
Foreldre: Bonde, lensmann og trykkerieigar Sivert Knutsson Aarflot og Gunhild Rasmusdotter Eikrem (1756–1836).
Gift 2.7.1816 i Volda med Synnøve Moritsdotter Bjørkedal (1788–19.12.1854), dotter til Morits Danielsson Bjørkedal (1748–98) og Lisbet Knutsdotter Alsaker (1756–1848).
Bror til Berthe Canutte Aarflot. Far til Maurits Aarflot (1821–1904). Morbror til Johannes Aarflot (1824–1891).
Rasmus Sivertsen Aarflot var ein norsk gardbrukar, stortingsrepresentant og folkeopplysningsmann. Han var lensmann i Volda frå 1816 og gav mellom anna ut Landboe-Avisen same stad.
Rasmus Aarflot følgde i fotspora til faren, opplysningsmannen Sivert Knutsson Aarflot, som bygdelensmann, bladutgjevar og boktrykkar, men står òg som ein typisk representant for det nye politiske Noreg etter 1814.
Avismann og utgjevar
Aarflot voks opp på garden Ekset i Volda, som faren kjøpte i 1798. Han gjekk på omgangsskulen i bygda og vart dessutan undervist av faren heime. 19 år gammal overtok han som postopnar etter faren, og frå 1810 var han faktor (styrar) ved farens prenteverk og redaktør av avisa som faren gav ut, Norsk Landboeblad. I 1816 vart avisa lagd ned, og året etter døydde faren.
Rasmus Aarflot dreiv trykkeriet vidare for mora, og i 1832 fekk han kongeleg løyve til å ta over prenteverket. Frå 1. januar 1833 til ut året 1844 var han utgjevar og redaktør av Landboe-Avisen. Et Ugeblad for Landmanden af blandet Indhold. Mellom 1817 og 1845 gav han ut nærare 150 prent av blanda innhald på Ekset, medrekna avisårgangane.
Aarflot tileigna seg vide kunnskapar i jordbruksøkonomi og husdyrstell. I 1831 nya han opp att og vart formann for Sogneselskabet for Voldens Præstegield, som faren hadde skipa i 1811. Sokneselskapet hadde sitt eige handbibliotek, og Aarflot let prente ei rekkje skrifter om moderne jordbruk.
Trykkeriet på Ekset skaffa ikkje berre aktuelt lesestoff av eit anna slag enn dei vanlege oppbyggingsbøkene, men utløyste også ein hektisk skriveaktivitet blant bygdefolk på Nordvestlandet. Alt i Sivert Knutsson Aarflot si tid hadde det vakse fram ein liten bokhandel på Ekset. I 1839 skipa Rasmus sitt eige forlag med bokhandel og med Landboe-Avisen som annonseorgan. Mesteparten av bøkene fekk han frå Kristiania, ikkje frå Bergen som tidlegare.
Natta til 9. januar 1844 braut det ut ein storbrann på Ekset som totalskada sju av husa. Til all lukke vart den gamle røykstova med trykkeriet spart. Allmugebiblioteket med 1000 band, opphavleg skipa av faren Sivert Aarflot, gjekk tapt, saman med mykje verdfullt arkivmateriale. Brannen var ein økonomisk katastrofe for Rasmus Aarflot, men bygdefolket gjekk saman og hjelpte han. På kort tid vart garden atterreist.
Aarflot kom seg ikkje heilt etter ulukka, og eitt år etter døydde han. Etterkomarane hans har halde fram med trykkeriet og avisutgjevinga nærast utan avbrot i rett nedstigande line heilt til i dag.
Stortingsrepresentant
Rasmus Aarflot var ein høgt betrudd mann i bygda og vidare ikring. Han var lensmann i Volda frå 1816 (og i Ørsta frå 1827) til sin død, veginspektør for Søre Sunnmøre i 1826–1834, medlem av heradsstyret i Volda i 1840–1843, kommunekasserar i 1838 og forlikskommissær frå 1844. Han møtte på Stortinget som stortingsrepresentant for Romsdals Amt i 1824, 1827, 1828, 1833 og 1839, og var suppleant i 1830, 1836 og 1842. Han var også vald til Stortinget i 1845, men døydde før tinget vart samla.
Som politikar hadde Aarflot arva farens tolerante og harmoniserande samfunnssyn. Han trekte seg delvis unna dei radikale bondepolitikarane, jamvel om han gjekk inn for å verne Grunnlova og bondens rettar. Denne moderate lina følgde også sønene Maurits og Rasmus Aarflot og systersonen Johannes Aarflot, som var stortingsmenn frå Romsdals amt seinare i hundreåret.
Les meir i Store norske leksikon
Utgjevingar
- Broderligt Ønske, paa min Søsters Berte Canutte Sivertsdatter Aarflot hendes Confirmations Dag den 14. October 1810, Ekset 1810
- red. Norsk Landboeblad 1810–16 (medred. frå 1810, einered. frå 1813)
- red. Uge-Bladet 1814–18
- red. Den lille Maaneds-Avis 1818, 1820–22
- red. Landboe-Avisen 1833–44
- Veiledning i Omgangsmaaden med Gjødselsformerelse, Ekset u.å
Litteratur
- C. A. Fougstad: Det Norske Storthing i 1833, 1834.
- M. A. R. Aarflot og R. R. Aarflot: «Nogle korte Notitser af Lensmand R. Aarflots Levnetsløb», i Nogle deltagende Venners Sørgeqvad, Ekset 1847
- H. Koht: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 1, 1923
- G. R. Aarflot Barstad: «Brannen på Ekset i 1844», i Voldaminne 1984
- J. Fet: Lesande bønder, 1995, s. 285–294
- J. Nerbøvik: Myndige møringar, 2004, s. 404–409
Faktaboks
Rasmus Sivertsen Aarflot
Historisk befolkingsregister-ID