Reidar – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)

Reidar er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne (H)reið-arr. Namn som byrjar på Reid-, går tilbake til det norrøne ordet hreiðr som tyder ‘reir’. I namn kan forleddet Reid- truleg omsetjast med ‘hus’. Det er usikkert kva -ar tyder i Reidar.

Namnet har fleire variantar: Reiar, Reidar, Reier.

Namnedag er 28. juli. Reidun har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Reidar

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 097 menn i Noreg som hadde Reidar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Reidar var på topp 1905–1924. Døme på andre namn på -ar som hadde toppfasen sin i fyrste halvdel av 1900-talet, er Gunnar, Einar, Idar, Agnar, Ingar, Ingvar, Yngvar, Magnar, Ottar og Ragnar.

Utvikling i bruk av namnet Reidar frå 1800

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Reidar på 1800-talet.

Reidar var klart mest brukt i Kristiania.

Reidar var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Rejdar.)

Historisk bruk av namnet Reidar

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar