Ringebu – tettstad – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Også kjend som

Vålebrua

Innbyggjartal

1382 (SSB, 2023)

Landareal

1,9 km²

Tettstadsnummer

1601 Ringebu

Ringebu

Ringebu

Av Sigurd Rage.

Lisens:CC BY NC ND 2.0

Ringebu er ein tettstad i Ringebu kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,9 km², og har 1382 innbyggjarar (2023).

Ringebu ligg i Gudbrandsdalen 55 km nord for Lillehammer, og er administrasjonssenter i Ringebu kommune.

Sentrum av Ringebu ligg på elvevifta til Våla, ei sideelv frå aust til Gudbrandsdalslågen.