Søre Øyane – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Innbyggjartal
1094 (SSB, 2023)
Landareal
1,1 km²
5172 Søre Øyane
Søre Øyane er ein tettstad i Bjørnafjorden kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,1 km², og har 1094 innbyggjarar (2023).
Søre Øyane ligg på øyar sørvest for kommunesenteret Osøyro (rekna frå nord): Lepsøya, Brimsholmen, Sunnøya, Bruarøya, Røtinga og Brattholmen.
Øyane har brusamband internt og med fastlandet i nord.