Skaftárhreppur – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Innbyggjartal
620 (2024)
Landareal
6 946 km²
Skaftárhreppur er ein kommune på Island, på Sørlandet. Kommunen omfattar fjellområda og låglandet mellom Vatnajökull og Mýrdalsjökull.
Kommunen har namn etter breelva Skaftá, som renn gjennom kommunesenteret Kirkjubæjarklaustur. Vulkanrekka Laki, som ved eit eksplosivt utbrot i 1783 la mykje av området i øyde og danna den store lavamarka Eldhraun, ligg nord i kommunen. Mýrdalsjökulls sandur Mýrdalssandur og den vestre delen av Skeiðarársandur ligger også i Skaftárhreppur.
Landbruk og husdyrhald er hjørnesteinen i kommunens økonomi, men turisme speler ei stadig viktigare rolle. Skaftárhreppur er utgangspunkt for dagsturar til mange islandske naturperler, slik som Eldgjá, vulkanrekka Laki og den svarte vulkansandstranda Reynisfjara ved Vík.