Snorre – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)

Snorre, som er eit mannsnamn (av norrønt Snorri), var opphavleg eit tilnamn. Det er laga til verbet snurre. Dette tilnamnet kan då ha tydd ‘den raske’ eller ‘den uvørne’.

Namnedag er 23. september. Snefrid har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Snorre

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Snorre

Eit utval personar med namnet Snorre, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 726 menn i Noreg som hadde Snorre som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 15 gutar som fekk namnet Snorre.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Mens dei fleste namna på -e hadde toppfasen sin innanfor perioden 1945–1979, er det forholdsvis få som har vore på topp etter 1990, til dømes Brage, Brede, Sigve, Sindre, Snorre, Sondre, Vetle og Ådne.

Utvikling i bruk av namnet Snorre frå 1880

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar