Sofia – Jentenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)

Sofia er eit kvinnenamn som kjem av det greske ordet sophia som tyder ‘visdom’.

Namnet har fleire variantar: Soffia, Sofia, Sofie, Sophia, Sophie, Zofia.

Kjende personar med namnet Sofia

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 393 kvinner i Noreg som hadde Sofia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 213 jenter som fekk namnet Sofia, og det var blant dei 20 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Kvinnenamn på -ia og -ie – og med tre eller fire stavingar – har vore på topp rundt år 2000. I tillegg til Sofie og Sofia gjeld dette til dømes Amalie, Amelie, Cornelia, Emilia, Emilie, Julia, Julie, Lydia, Maria, Marie, Nat(h)alie, Olivia og Viktoria. Nokre av dei var også populære i siste halvdel av 1800-talet. Forutan Sofia og Sofie gjeld dette til dømes Amalies, Emilie, Julie, Marie og Olivia. Sidan år 1900 har Sofie vore brukt 3,8 gongar meir enn Sofia.

Utvikling i bruk av namnet Sofia frå 1800

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sofia på 1800-talet.

Sofia var mest brukt i Hordaland.

Sofia var mest brukt i Hordaland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Sophia.)

Historisk bruk av namnet Sofia

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar