Sveinung Svalastoga – rosemålar (original) (raw)

Faktaboks

Sveinung Svalastoga

Sveinung Bjørnson Svalastoga

Sveinung Bjørnson

Fødd

1772, Rauland, Vinje

Død

1809, Rauland, Vinje

Verke

Rosemålar

Familie

Foreldre: Gardbrukar Bjørn Bjørnson Gardsjord (1731–82) og Ingebjørg Rikardsdotter Svalastoga (1730–76).

Ugift.

Sveinung Svalastoga var ein norsk rosemålar. Svalastoga måla stoveinteriør, skåp, kister og ølbollar med kraftige og fargerike bladsveivar, ofte tilfeldig plasserte.

Bakgrunn

Sveinung Svalastoga var fødd på garden Svalastoga, ein gard mora var odelsjente til. Faren hennar var av skotsk ætt, og frå denne ætta kom det mange med kunstnarlege evner. Sveinung blei tidleg foreldrelaus. Systera overtok garden, men han fekk bu der heile livet og hjelpte til i onnene.

Han prøvde seg òg som driftekar og handla med hest og kyr. I folketeljinga frå 1801 står han oppført som «Skolemester», og var truleg ein dei talentfulle elevane som presten plukka ut til å halde skule for andre.

Det er ikkje kjent kor Svalastoga lærte rosemåling, men han gjekk eit halvår i lære hjå bymålarar i Kongsberg. Truleg har han også lært av Aslak Nestestog, særleg sidan dei båe var glade i å måle figurar, men Svalastoga har friskare og kraftigare fargar enn Nestestog.

Rosemåling

Fyrste kjende rosemåling av Svalastoga er ei kiste som han måla på Drotning i Vinje i 1799. Vidare var den fyrste store oppgåva å måle stoveinteriøret på heimegarden i 1801. Der blei det roser på himling og veggfaste møblar. Over døra skreiv han eit vers frå profeten Jesaja. Same året har han vore i Bø og måla ei kiste på garden Staurheim.

Eit hovudarbeid er stoveinteriøret på Nordigard Berdal i Vinje i 1802. Der budde slektningar av han, som truleg hadde sett det han hadde måla heime. Hovudfargen på kronesengene er blå, men døra er i ein raudbrun farge, og taklistene har marmorering på kvit grunn. Rosene er saftige med uvyrdne penseldrag og med breie rare klumpar, i tillegg til stutte runde C-krullar. Over døra er det ei lang bibel-innskrift, og på veggen over høgsetet er det ei kvit, oval innskriftstavle pryda med bladranker og blomekransar. Vidare er veggane pryda med figurbilete med bibelske motiv.

Svalastoga har truleg hatt to arbeidsvintrar i Numedal, i 1801–1802 og i 1806–1807. På Søre-Eie i Nore har han i 1802 rosemåla seng og hengeskåp, men framskåpet er ikkje heilt fullført. I Sørhovstua i Rollag er det rosemåling og figurmåling på framskåp. På Gladheim i Veggli har han måla vinguden Bacchus. I fleire tilfelle måla han det snikkaren Nils Kravik hadde laga.

I Vinje måla han også ei kiste på Rui i Smørklepp i 1803, kiste på Rismyr i Grungedal i 1806, figur- og rosemåling i ivistoga på Drotning i 1806, stoveinteriør på Sandok på Nesland, og rein rosemåling i ivistoga på Botne i Berdal.

Til den nye kyrkja i Rauland måla han altartavla Jesus set inn nattverden på lerret i 1803. Denne blei teken vekk og sundskoren på slutten av 1800-talet, men er no attende i kyrkja. I same stil, også på lerret, måla han Kristus for Pilatus. Biletet var nok tenkt som altartavle, men kom i staden til Groven i Åbø i Vinje.

Svalastoga var ein rosemålar som dei yngre såg opp til, særleg for fargebruken. Han hadde fleire som lærte av han. Rokokkostilen til Svalastoga er tyngre og djervare enn den lette og elegante europeiske rokokkoen – nærmast med pompøs kraft som i barokken. I tillegg måla han gjerne figurar, særleg bibelske og gresk-mytologiske, med eit naivt preg.

Då Svalastoga låg for døden i «farangsjuken», blei det henta doktor frå Ulefoss, men det var for seint. Familien fortalde at dei hadde årelate han.

Verk i utval

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Faktaboks

Sveinung Svalastoga

KulturNav-ID

fbf91760-dfaf-49e3-99c7-6efcca537684

Kommentarar