Sverre – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)
Sverre er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Sverrir. Det var opphavleg eit tilnamn med tydinga ‘villstyring; urokråke’. Namnet er laga til eit verb som svarer til det nynorske verbet sverre som tyder ‘svinge (rundt)’.
Sverre kom i bruk att i 1817.
Namnedag er 9. mars. Sindre har også namnedag denne dagen.
Personar med namnet Sverre
Kulturell bruk
- «Kong Sverres Ungdom» (1837) av Andreas Munch.
- «Kong Sverre» (1861), drama av Bjørnstjerne Bjørnson.
Kjende personar med namnet Sverre
Namnestatistikk
I 2022 var det 8 582 menn i Noreg som hadde Sverre som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Sverre var blant dei hundre mest brukte namna blant norske menn. I 2022 var det 132 gutar som fekk namnet Sverre, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.
Utvikling i bruk av namnet
Sverre høyrer til dei namna som inngår i den nordiske namnerenessansen. Før namnet vart tatt i bruk att i 1817, hadde det lege i dvale sidan mellomalderen. Kong Sverre Sigurdsson (omtrent 1150–1202) har inspirert til fleire litterære verk på 1800-talet, til dømes «Kong Sverres Ungdom» (1837) av Andreas Munch og «Kong Sverre» (1856) av Bjørnstjerne Bjørnson. Namnet har ein kurveprofil som er vanleg for renessansenamna – med eit oppsving i 1870-åra og topp 1910–14. I motsetning til dei fleste renessansenamna fekk Sverre eit nytt oppsving frå slutten av 1900-talet.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Sverre var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Sverre fyrst innpass i byen.
Sverre var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. (I søylene inngår det også éin eller fleire stavevariantar, til dømes Sværre.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Sverre fyrst innpass i byen.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Stemshaug, Ola 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.