Taklamakan – Store norske leksikon (original) (raw)
Av Mike Locke.
Lisens:CC BY ND 2.0
Taklamakan er ein sandørken i Kina som ligg i den autonome regionen Xinjiang, mellom Kunlunfjella i sør og Tarimelva i nord. Taklamakanørkenen er blant verdas største samanhengande sandområde. Gjennomsnittleg årsnedbør er låg, frå 10 millimeter i aust til 40 millimeter i vest.
Her ligg Lop Nur, som er kjend som base for kjernefysiske prøvesprengingar frå 1959 til 1996 (totalt 45 prøver).