Thea – Jentenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)
Thea er eit kvinnenamn som er kortform av mellom anna Dorothea og Mathea.
Namnet har fleire variantar: Tea, Thea.
Namnedag er 26. april. Tea og Terese har også namnedag denne dagen.
Personar med namnet Thea
Kulturell bruk
- Thea, yngste dotter i «Familien på Gilje» (1883) av Jonas Lie.
- Thea i «Hedda Gabler» (1890) av Henrik Ibsen.
Kjende personar med namnet Thea
Eit utval personar med namnet Thea, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Thea Astley (1925)
- Thea Musgrave (1928)
- Thea Stabell (1939)
Namnestatistikk
I 2022 var det 11 700 kvinner i Noreg som hadde Thea som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Thea var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 145 jenter som fekk namnet Thea, og det var blant dei 50 mest populære jentenamna dette året.
Utvikling i bruk av namnet
Thea høyrer til ei gruppe tostava namn på -a som har ein toppfase på 2000-talet, til dømes Ada, Alva, Dina, Frida, Hedda, Kaia, Lea, Maja, Mia, Nora, Oda, Ronja, Runa, Sanna, Stella, og Ylva. Dette står i motsetning til dei tostava namna på -a med to toppfasar – både rundt år 1900 og på 2000-talet – til dømes Emma, Laura, Selma, Ebba og Klara. Stavemåten Tea er for lite brukt til at denne forma kan bli representert med kurve.