Tina Bru – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Tina Bru
Fødd
18. april 1986, Moss, Østfold
Tina Bru er ein norsk politikar for Høgre, som er stortingsrepresentant frå Rogaland sidan 2013. Ho var olje- og energiminister i regjeringa Solberg 2020–2021. Frå 2020 er ho andre nestleiar i Høgre.
Bakgrunn
Politisk karriere
Bru melde seg inn i Unge Høgre i 2005, var andre nestleiar og fylkessekretær for Rogaland Unge Høgre 2006–2007, deretter fylkesleiar 2008–2009 og medlem av sentralstyret i Unge Høgre i 2008–2010. Ho var medlem av styret i Rogaland Høgre 2011–2013. Ho var politisk rådgivar for Stavanger Høgre 2008–2010, for Rogaland Høgre 2011–2012 og for fylkesordføraren i Rogaland 2011–2013.
Tina Bru var medlem av Stavanger kommunestyre 2007–2011 og av Rogaland fylkesting 2011–2015. Hun var vararepresentant til Stortinget frå Rogaland 2009–2013 og er fast stortingsrepresentant sidan 2013. På Stortinget var ho medlem og nestleiar i energi- og miljøkomiteen fram til ho blei statsråd i 2020. I 2020 vart ho nestleiar i Høgre etter Bent Høie.
I januar 2020 blei Bru olje- og energiminister i regjeringa Solberg, etter at Framstegspartiet trekte seg frå regjeringssamarbeidet. Bru gjekk av som olje- og energiminister ved regjeringsskiftet hausten 2021. Frå 2021 er ho fyrste nestleiar i finanskomiteen.
Politisk ståstad
Bru er feminist og har utfordra den konservative delen av Høgres politikk, spesielt i familie- og likestillingspolitikken. Bru vil avskaffe både kontantstøtta og barnetrygda, og ho er for eggdonasjon. Då to av biskopane i den norske kyrkja meinte at Noreg måtte bremse oljeutvinninga, melde ho seg ut av kyrkja. Ho er for ein aktiv oljepolitikk.