Tinnsjå – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Tinnsjå

Tinnsjø, Tinnsjøen

Etymologi

første leddet *Tinnr er truleg eit gammalt namn på innsjøen, mens andre leddet er norrønt sjár, 'sjø'

Region

Telemark

Kommune

Tinn, Notodden

Vassdrag

Skiensvassdraget

Viktigaste tilløp

Måne

Viktigaste utløp

Tinne

Areal

51 km2

Høgd over havet

189

Reguleringshøgd

187-191

Djupn

460

Volum

9700 mill. m3

Tinnsjå er ein innsjø i Tinn og Notodden kommunar i Telemark fylke. Innsjøen har eit areal på 51,5 kvadratkilometer, er 35 kilometer lang og ligg 187–191 meter over havet. Reguleringshøgda er på fire meter i samband med kraftverk langs Tinnelva.

Tinnsjå har bratte sider. Med største djup på 460 meter er Tinnsjå den tredje djupaste innsjøen både i Noreg og i Europa. Med eit middeldjup på heile 190 meter har Tinnsjå eit volum på nær ti kubikkilometer (9700 millionar m3).

Viktigaste tilløpselv er Måne, som renn ut i sidearmen Vestfjorden ved det gamle ferjeleiet på Mæl. I nordenden på sjøen kjem elvene Gøyst og Mår ut ved Atrå og Austbygdåe i Tinn Austbygd.