Tord – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon (original) (raw)

Tord er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þórðr med opphav i Þor-røðr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘fred’. Etterleddet -røðr går tilbake til eit eldre -frøðr.

Tord og Tor kan bli samanblanda om dei blir uttalte likt. I dialektar med tjukk [l] har Tord vore uttalt med tjukk [l] (jamfør gard) i motsetning til Tor.

Namnet har fleire variantar: Thord, Tord.

Namnedag er 10. september. Tor har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Tord

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Tord

Eit utval personar med namnet Tord, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 677 menn i Noreg som hadde Tord som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Det einstava nordiske namnet Tord hadde ein seinare toppfase (1990-åra) enn dei fleste einstava nordiske namna, for dei var på topp innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir og Kjell.

Utvikling i bruk av namnet Tord frå 1880

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Tord på 1800-talet.

Tord var klart mest brukt i Oppland.

Tord var klart mest brukt i Oppland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thord.)

Historisk bruk av namnet Tord

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar