Tretten – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Innbyggjartal

873 (SSB, 2023)

Landareal

1,2 km²

Tettstadsnummer

1612 Tretten

Tretten er ein tettstad i Øyer kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,2 km², og har 873 innbyggjarar (2023).

Tretten ligg ved E6 på austsida av Lågen, 25 km nord for Lillehammer.

Tretten har ysteri, trevareindustri, skiferproduksjon, trykkeri og plastindustri. Staden har stor turisttrafikk.

Stav ved Tretten er ein gammal marknadsplass, hestemarknaden i november er ein av dei eldste i sitt slag i landet. Gamle Moksa kraftstasjon er restaurert til kulturformål.

Tretten bru, som går over Lågen, kollapsa 15. august 2022. Dei som var på brua da det skjedde, blei redda av hjelpemannskap. Ved Tretten stasjon skjedde i 1975 ei av dei verste jernbaneulykkene her i landet, sjå Tretten-ulukka.

Tretten vart sterkt øydelagt under storflaumen i 1995, da elva Moksa endra løp og øydela fleire hus.

Tretten sokn utgjer den nordlege delen av Øyer kommune. Tretten kyrkje er frå 1728.