Trollstigen – Store norske leksikon (original) (raw)
Trollstigen er eit vegstykke på fylkesveg 63 i Rauma kommune i Møre og Romsdal og er ein nasjonal turistveg. Trollstigen stod ferdig i 1936 og knyter Valldal på Sunnmøre til Åndalsnes og Romsdalen.
Faktaboks
Også kjend som
Trollstigveien
Trollstigvegen er vinterstengt i perioden mai til oktober. Vegen er ein turistattraksjon om sumaren. På Trollstigplatået på det høgaste punket, 852 meter over havet, har det blitt bygd utsiktspunkt og servicebygg som ein del av Statens vegvesens nasjonale turistveger-prosjekt.
Trollstigvegen har 11 hårnålssvingar. Over den 180 meter høge Stigfossen er det bygd ei steinkvelvbru midtvegs nede i juvet. Ved vegen ligg fleire fjell på over 1000 moh, til dømes Stigbotnhornet og Bispen. Det varierte landskapet langs Trollstigvegen blei verna i 2006 då Trollstigen landskapsvernområde blei oppretta.
Historikk
Trollstigvegen startar i Isterdalen, ein sidedal til Romsdalen. Det har vore ferdsel over Stigfjelet i uminnelege tider. I Snorres kongesagaer er det fortalt at frå Valldalen over Stigfjellet og ned til Isterdalen og vidare til Åndalsnes har det gått fjellsti og seinare kløvveg ned til garden Devold der det årlege romsdalmartnaden blei halde.
I 1925 vedtok fylkestinget at det skulle byggjast bilveg frå Åndalsnes i Romsdalen til Valldal på Sunnmøre. Bilvegen blei offisielt opna 31. juni 1936 av Kong Haakon 7.
Trollstigveien er ein spektakulær turistattraksjon
Kart