Tustna – Store norske leksikon (original) (raw)

Tustna er ei øy i Aure kommune i Møre og Romsdal, den vestlegaste av dei store øyane i kommunen, skilt frå Stabblandet i aust av Sålåsundet; 87,5 km2 og 811 innbyggjarar (2020), inkludert øya Golma i vest og eit par småøyar.

Tustna er berglendt og har ein brem med lågare land ut mot kysten i nordvest. Her er store myrstrekningar, medan det på sørsida er stor furuskog. Berggrunnen består av gneis som er gjennomskore av sprekkefyllingar med ein rødleg, vulkansk bergart. Høgaste punkt er Skarven i søraust med 896 moh.

Tustna har busetjing langs kysten, særleg i vest og nord med høvesvis Tømmervåg og Leira som største stader. Det går bru over Sålåsundet til Stabblandet (Fv.680), og øya har ferjesamband frå Tømmervåg til Seivika i Kristiansund i sørvest.

Les meir i Store norske leksikon