Utla – Store norske leksikon (original) (raw)

Utla er ei elv i Utladalen vest i Jotunheimen, i Luster og Årdal kommunar i Vestland fylke. I vest ligg dei mektige Hurrungane og i aust fjelltraktene mot Tyin.

Utlaelva blir danna ved samanløpet av Storutla og Vetlautla ved Lusahaugane nord for Skogadalsbøen i Utladalen. Elva renn i sørvestleg retning gjennom den tronge, ville Utladalen og spring saman med Tya like før ho munnar ut i Årdalsvatnet.

Mange av tverrelvane til Utla dannar praktfulle fossar, mellom anna Hjellefossen, Avdalsfossen og Vettisfossen. Sistnemnde er varig verna mot kraftutbygging. Ein del av tilløpa til Utla frå aust ligg over 1180 meter over havet og blir no ført over til Tyin til bruk i Tyin kraftstasjon.

Vassdraget ned til Hjelle vart i 1986 verna mot kraftutbygging.

Første ledd av namnet kjem visstnok av dialektuttrykket usle, utle, 'kolstøv, lite grus, svart røyk, mørke skyer, fyke', siste ledd norrønt á, 'elv'.