Vestblokka – Store norske leksikon (original) (raw)
Noreg tok imot Marshallhjelpa frå USA i 1948. Dette blei starten på vestvendinga i Noreg i etterkrigstida.
Vestblokka er eit omgrep frå den kalde krigens dagar som i hovudsak vart brukt om USA og USAs allierte i Vest-Europa.
Faktaboks
Også kjend som
vestblokken, vestmaktene
engelsk Western Bloc
Blokkdanning
Vestblokka, slik som motstykket austblokka, karakteriserer den internasjonale todelinga som raskt vart etablert etter andre verdskrigen. Det var alt i 1946 tale i internasjonal presse om ei byrjande deling mellom ei vestblokk og ei austblokk, men det er først frå 1947 at dette blir heilt tydeleg.
Lanseringa av Trumandoktrinen våren 1947, det amerikanske programmet for oppbygging av Europa (Marshallhjelpa) om sommaren og danninga av ein ny kommunistisk internasjonale, Kominform, om hausten, var dei klaraste uttrykka for dette.
Viktige grunnar til dette var at Sovjetunionen stramma grepet om dei austeuropeiske landa og delinga av det okkuperte Tyskland, ved at dei vestlege okkupasjonssonene vart slått saman og det i 1949 vart formalisert i to tyske statar, i dagleg tale kalla for Vest-Tyskland og Aust-Tyskland.
Også Vestunionen, forsvarssamarbeidet som vart etablert mellom Storbritannia, Frankrike, Belgia, Nederland og Luxembourg i september 1948, vart i samtida kalla vestblokka, men det er først ved danninga av Atlanterhavspakta, grunnlaget for militæralliansen NATO, i april 1949, at ordet festar seg som eit omgrep for USA og USAs allierte i Vest-Europa, av og til også inkludert land utanfor Europa som var allierte med USA.
Under den kalde krigen vart språkbruken polarisert og politisert. Uttrykket vestblokka vart då brukt synonymt med «den frie verda» eller «den vestlege verda» på vestleg side, og «den kapitalistiske blokk» på austleg.
Oppløysing av blokkene
På 1960-talet byrja uttrykket vestblokka å bli mindre treffande. I 1966 trakk Frankrike seg ut av den militære kommandostrukturen i NATO, og på 1970-talet oppstod ein europeisk avspenningspolitikk, formalisert med Helsingforserklæringa i 1975, som svekka inntrykket av ei massiv vestleg blokk.
Med den avspenninga som følgde etter Mikhail Gorbatsjovs maktovertaking i Sovjetunionen i 1985, mista orda vestblokka og austblokka meining, og etter at først austblokka og så Sovjetunionen sjølv vart oppløyst ved inngangen til 1990-talet, har desse orda falle heilt ut av det politiske vokabularet.