allusjon – Store norske leksikon (original) (raw)

Allusjon er i litteratur å referere til noko utanfor verket, til dømes til eit alminneleg kjent sitat eller bevinga ord. I vestleg litteratur er det mange allusjonar til Bibelen og gresk mytologi.

Faktaboks

Etymologi

frå latin allutio, avleidd av alludere

Til dømes er ein tekst med tittelen Ti bod for turistar i Noreg ein allusjon til Dei ti bod, som blir brukt for å understreke at forfattaren meiner dei ti råda i teksten er viktige for turistar i Noreg.

Les meir i Store norske leksikon