autonom – Store norske leksikon (original) (raw)

Autonom betyr sjølvstyrande. Ordet kan mellom anna brukast i statsretten om område som ikkje har fullt sjølvstende, men som har sjølvstyre på enkelte felt. Færøyane, som høyrer under Danmark, men har ei stor grad av indre sjølvstyre, er eit døme på eit autonomt område.

Faktaboks

Uttale

autonˈom

Etymologi

av gresk auto, sjølv, og nomos, lov

Autonom er også eit omgrep innan filosofien.

Les meir i Store norske leksikon