denaturert sprit – Store norske leksikon (original) (raw)
Raudsprit er denaturert etanol (sprit) tilsett raudfarge.
Rødsprit
Av Jan Petter Lynau/NTB.
Lisens:Avgrensa gjenbruk
Denaturert sprit er sprit, det vil seie etanol, som er gjord udrikkeleg ved at han er tilsett stoffar som gir ubehageleg smak eller ein giftverknad. I nokre tilfelle, som i raudsprit, blir òg eit fargestoff tilsett.
Faktaboks
Uttale
denatur_e_rt sprit
Denatureringsmiddelet varierer etter kva spriten skal brukast til. Nokre døme på stoff som kan tilsetjast er metylisobutylketon, metyletylketon, krotonaldehyd, pyridinbasar, benzen, fenol, kresol, kamfer, terpentin og fuksin (fargestoff).