emoji – Store norske leksikon (original) (raw)

Gledeståre-emoji

Gledeståreemojien består av et ansikt som ler så det gråter. Den er blant de mest brukte emojiene på sosiale medier. Emojien ble kåret til årets ord av Oxford Dictionaries i 2015.

Emoji er små piktogram eller grafiske symbol som blir brukte i tekstmeldingar, sosiale medium og andre digitale plattformer for å uttrykkje kjensler, objekt, handlingar eller idear. Ordet emoji stammar frå japansk, der e betyr bilete, og moji betyr teikn eller bokstav. Emojiar har utvikla seg til å bli ei global form for kommunikasjon, og dei blir ofte brukte for å tilføre emosjonell nyanse eller humor til skriftleg tekst.

Historie og utvikling

Skrik-emoji

Piktogram og andre biletteikn har ei svært lang historie. Det er vanleg å sjå emojiar som ei vidareutvikling av emotikon som :-) og ;-)

Dei moderne emojiane vart utvikla i Japan på slutten av 1990-talet av Shigetaka Kurita, som arbeidde for telekommunikasjonsselskapet NTT DoCoMo. Kurita ynskte å skape eit visuelt og enkelt språk for mobilbrukarar som kunne formidle kjensler og informasjon raskare enn vanleg tekst. Dei fyrste emojiane var symbol som hjarte, stjerner, vêrikon og ansiktsuttrykk.

På byrjinga av 2010-talet vart emoji internasjonalt kjend då teknologiselskapa Apple og Google integrerte støtte for dei i operativsystema iOS og Android.

Unicode Consortium, ein organisasjon som standardiserer digitale skrifttypar og teikn, inkluderte emojiar som ein del av standarden sin i 2010. Dette bidrog til at emojiane fekk utbreiing over heile verda. Unicode Consortium får forslag frå offentlegheita om nye symbol. Prosessen for å få ein ny emoji godkjent er omfattande, og krev ei grunngjeving for kvifor symbolet bør inkluderast, og dessutan døme på korleis det kan brukast. Det blir lagt til nye emojiar årleg, per 2024 var det 3782 emojiar i Unicode Standard.

Bruk og funksjon

Aubergine- og fersken-emojiene

Emojiene kan få ulik betydning avhengig av kontekst. Aubergine-emojien brukes for eksempel i noen sammenhenger for å representere en penis, mens fersken-emojien brukes for å representere rumpe (eller vulva).

Emojiar blir i dag brukte over heile verda på tvers av språk- og kulturbarrierar. Dei blir hovudsakleg nytta i meldingar, e-postar og innlegg på sosiale medium for å uttrykkje kjensler eller for å illustrere ein situasjon. Fordi dei er visuelle og ikkje baserte på eit spesifikt språk, kan dei hjelpe med å gjere skriftleg kommunikasjon meir universell.

Dei mest brukte emojiane representerer kjensler, som smilefjes 😊, triste ansikt 😢 og latter 😄. Nokre emojiar kan ha ulike betydningar avhengig av konteksten og kulturen, og det er stadig ei utvikling av korleis visse emojiar blir tolka. Emojiane har mange uike opphav, 😱 er for eksempel basert på Edvard Munchs maleri Skrik.

Dei fyrste emojiane var ganske enkle og avgrensa i variasjon, men etter kvart har mangfald blitt ein viktig faktor i utviklinga av nye emojiar. I dag finst det emojiar som representerer ulike hudfargar, kjønn, seksuell orientering og fysiske funksjonshemmingar.

Vanlege emojiar

Nokre av dei mest utbreidde emojiane, særleg i sosiale medium, er:

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar