erkebiskop – Store norske leksikon (original) (raw)

Erkebiskop er eit kyrkjeleg overhovud.

Faktaboks

Etymologi

av gresk ‘overtilsynsmann’

I den katolske kyrkja er erkebiskopen overhovudet for ein kyrkjeprovins eller eit erkestift, nest etter kardinalen den høgaste katolske embetsmannen. Den ortodokse kyrkja har også erkebiskopar.

Norden fekk sin første erkebiskop i Lund i 1104. Noreg fekk sin første erkebiskop i Nidaros i 1152.

I protestantismen

Ved reformasjonen blei tittelen erkebiskop avskaffa i dei fleste protestantiske kyrkjene. Den siste erkebiskopen i Noreg var Olav Engelbrektsson, som måtte rømma frå landet i 1537.

Erkebisptittelen blei behalden i den anglikanske kyrkja i England, der erkebiskopane i Canterbury og York er overordna biskopane. Tittelen blei også behalden i Sverige, der erkebiskopen av Uppsala er den fremste av biskopane, men ikkje har noka eigentleg myndigheit over dei, og i Finland, der biskopen av Åbo har bore denne tittelen sidan Finland skilde seg frå Sverige.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar