flavour – fysikk – Store norske leksikon (original) (raw)
Flavour er, innanfor elementærpartikkelfysikk, ein eigenskap ved kvarkane som byggjer opp baryon, til dømes protonet og nøytronet, og meson. Det engelske ordet flavour blir sjeldan omsett til norsk. Flavour kan lettast forståast som kvarktype, der dei seks kvarktypane u, d, s, c, b, t er berarar av kvar sin flavour.
Faktaboks
Uttale
flˈeivə
engelsk, ‘smak, aroma, duft’
Dei lettaste kvarktypane u og d som er berarar av «isospinn opp» og «isospinn ned», byggjer opp vanleg stabil materie, det vil seie atomkjerner som inneheld proton og nøytron. Dei fire andre kvarktypane s, c, b og t byggjer opp ustabil materie med typiske levetider av storleiksorden 10–6– 10–12 sekund for s, c og b. Toppkvarken, t, er så ustabil at han ikkje rekk å danne baryon eller meson før han går sund (desintegrerer).
I veik vekselverknad er kvarkane grupperte i dublettar, til dømes (u,d) eller (t,b). Vekselverknaden ved utbytte av eit W-boson skulle då ta ein b-kvark til ein t-kvark (eller omvendt). Men ein fysisk _b-_kvark kan ikkje desintegrere til ein fysisk _t_-kvark fordi _t-_kvarken er mykje tyngre enn _b_-kvarken, og _b_-kvarken ville ikkje ha nok energi til ein slik prosess. Ein kunne då tenkje at _b_-kvarken skulle vera stabil. Slik er det ikkje på grunn av såkalla kvark-miksing. Ifølgje teorien for veik vekselverknad kan _b_-kvarken desintegrere til ein lineær-kombinasjon av _t-,c_- og _u_-kvarkane. Dermed kan altså _b_-kvarken desintegrere til ein _c_- eller ein _u_-kvark (som er lettare enn _b_-kvarken) og vil difor vera ustabil. Tilsvarande kan _t_-kvarken desintegrere til ein lineærkombinasjon (ei blanding) av _b-,s_- og _d_-kvarkane. Denne kvark-miksinga er forklåra av CKM-matrisa, kalla opp etter fysikarane Cabibbo, Kobayashi og Toshihide Maskawa. (Dei to siste fekk Nobelprisen i fysikk for arbeidet sitt i 2008).
Ein kan også snakke om flavour for lepton, til dømes elektron-flavour for elektronet og det tilsvarande nøytrinoet.