fundamentalisme – i kristendommen – Store norske leksikon (original) (raw)

Fundamentalisme er bokstavtru religiøsitet, som kan vera knytt til eit politisk eller ideologisk program. Opphavleg vart nemninga brukt av kristne grupper i USA, som var opptekne av å halde fast ved det fundamentale i kristendommen. For desse er det vesentleg å understreke Bibelen som inspirert av Gud og dermed eit ufeilbarleg grunnlag for kristen tru.

I kristendommen går fundamentalistiske tendensar på tvers av dei store retningane (konfesjonane). I protestantismen er hovudkjenneteiknet til fundamentalismen avvisinga av alle former for bibelkritikk. I katolisismen er det fremste kjenneteiknet avvisinga av avgjerdene til det andre Vatikankonsilet. Protestantiske fundamentalistar blir ofte kalla evangelikale, medan katolske fundamentalistar stundom blir kalla katolikale.

Eit felles kjenneteikn på tvers av konfesjonane er elles at dei oftast avviser økumenisk (felleskyrkjeleg) samarbeid mellom konfesjonar og religionar, kritisk teologisk vitskap og toleranseideal og liberalistiske ideal. Ofte blir slike haldningar kopla saman med karismatiske tendensar, tru på englar og demonar og tru på Kristi snarlege attkome.

I USA har fundamentalistisk kristendom dei siste åra spela ei viktig rolle både i kyrkjeliv og i politikk. Sidan 1920-åra har både presbyterianske, metodistiske og baptistiske kyrkjer ofte vore splitta mellom fundamentalistar på den eine sida og modernistar på den andre. Ei viktig sak for amerikanske fundamentalistar i 1920-åra var kampen for å hindre dei offentlege skulane i å undervise i utviklingslæra. Dei seinare åra har fundamentalistiske grupper gjort seg gjeldande i amerikansk politikk som ideologiske støttespelarar for det republikanske partiet.