kjellar – Store norske leksikon (original) (raw)
Kjellar er eit heilt eller delvis underjordisk rom.
Faktaboks
frå latin
Også kjend som
bokmål: kjeller
Opphavleg skulle kjellaren danne eit fukt- og varmeisolerande luftlag mellom grunnen og golvet ovanfor. Ein kjellar var særleg aktuelt der fundamenta likevel måtte førast langt ned for å koma til frostfri djupn.
Generelt har kjellarar dekt sekundære bruksformål, i form av lagerrom, matbu, vaskerom med meir, men ved hjelp av moderne isolasjonsmateriale og -metodar kan ein no få så gode varme- og fukttekniske forhold at kjellaren kan innreiast med rom ein kan opphalde seg i kortare eller lengre periodar.
Kjellaryttervegger blir gjerne støypte i betong eller mura, men ein kan òg bruke ulike elementskonstruksjonar og trekonstruksjonar. Kjellargolvet blir vanlegvis støypt i betong. Byggjegrunnen må som oftast drenerast, og ein må avgrense kjellaryttervegg og -golv mot byggjegrunnen, slik at fukt ikkje kan trengje inn i eller gjennom konstruksjonen i skadelege mengder. Tradisjonelt brukar ein då grovare tilfyllingsmasser.