kverulant – Store norske leksikon (original) (raw)
Kverulant er ein nedsetjande skildring av ein person som heile tida uttrykkjer usemja si, som kranglar om småting og bagatellar; ein person som kverulerer. Personar som kverulerer kan opplevast som påståelege og som har lett for å føle at det blir gjort urett mot dei, og som forlanger oppreising og unnskyldningar.
Faktaboks
Uttale
kverulˈant
av latin querulus, ‘klagende’