lagrangepunkt – Store norske leksikon (original) (raw)

Lagrangepunkt er namnet på posisjonar i rommet der tyngdekrafta mellom to store objekt (til dømes Sola og Jorda, eller mellom Jorda og Månen) er omtrent lik. Dette kan utnyttast slik at eit romfartøy kan gå i bane rundt dette punktet, sjølv det er fysisk «tomt». Det finst fem ulike lagrangepunkt, kalla _L_1–_L_5. Desse har litt ulike eigenskapar, der baner rundt L4 og _L_5 er meir stabile enn baner rundt dei tre andre.

Faktaboks

Uttale

lagrˈãʒ-

Ved fleire høve har ein plassert astronomiske romobservatorie i nokre av lagrangepunkta til jord-sol-systemet, oftast rundt _L_1 og _L_2. Desse romfartøya må bruke litt drivstoff for å halde seg på rett plass.

L1, L2 og L3 ligg på rett linje gjennom objekta med stor masse, medan L4 og L5 vil ligge slik at linjene mellom punkta og objekta vert likesida trekantar. For jord-sol-systemet ligg L1 omkring 1,5 millionar kilometer frå Jorda i retning Sola, og det vart først brukt av det europeisk/amerikanske solobservatoriet SOHO (Solar Heliospheric Observatory), som gjekk inn i bane rundt L1 14. februar 1996. Eit anna eksempel er James Webb-romteleskopet (skutt opp i 2022), som går i bane rundt L2.

Lagrangepunkta er oppkalla etter den franske matematikaren Joseph Louis Lagrange.