naturressurs – Store norske leksikon (original) (raw)

Naturressurs er luft, vatn, dyrkbare areal, skog, levande organismar som husdyr og fisk, petroleum, mineral og andre råstoff, som menneske kan nytteggjere seg i produksjon av varer og tenester. Ein skil gjerne mellom fornybare og ikkje-fornybare ressursar.

Fornybare ressursar som luft og vatn blir fornya gjennom naturprosessar. Andre ressursar, som kol og petroleum, finst berre i visse mengder og kan berre utnyttast éin gong. Ressursar som fornyast sakte, slik at vi ikkje kan ta dei i bruk på nytt i nær framtid, blir også rekna som ikkje-fornybare.

Energiressursane står i ei særstilling fordi det alltid er naudsynt med energi når ein skal nyttiggjere seg resten av ressursar.

Til skilnad frå reservar omfattar ressursane både påviste, usikre og spekulative førekomstar.