nomen actionis (original) (raw)
Nomen actionis er eit substantiv som viser til ei handling eller ein prosess og er danna av eit verb — for eksempel kyssing og kyss, som er danna av verbet kysse.
Faktaboks
Eit latinsk uttrykk, der nōmen 'namn' er nytta i tydinga 'substantiv'. Āctiōnis er genitiv eintal av āctiō 'handling', som er eit nomen actionis av agō 'eg handlar, eg gjer'
Også kjend som
handlingsnomen
På norsk blir nomen actionis òg kalt handlingsnomen.
Meir om nomen actionis på norsk
På norsk har vi to hovudtypar nomen actionis:
- dei som har suffikset -_ing lagt til ei verbstamme:
- kyssing, kasting, hopping, slåing, dreping, skyting
- dei som svarer til verbstamma utan suffiks:
- kyss, kast, hopp, slag, drap, skot
Typen kyssing
Type (1), som kyssing, er substantiv med genuset hokjønn. Dei viser oftast til handlinga som ein uavslutta prosess, utan spesifisert byrjing eller slutt. Dei er uteljelege og manglar fleirtalsformer. Det er ikkje noko som heiter «kastingar». Dei kan kallast imperfektive nomen actionis.
Typen kyss
Type (2) viser til ein avslutta episode, med byrjinga og slutt. Dei er teljelege og har fleirtalsformer: eit kast, fleire kast. Dei kan kallast perfektive nomen actionis.
Andre tydingar
Det finst mange substantiv som endar på -ing og -else som ikkje berre viser til ei handling eller ein prosess, men òg til noko som er involvert i handlinga eller prosessen, til dømes resultatet eller middelet:
- teikning
- 'det å teikne'
- 'bilete, noko som er teikna'
- fylling
- 'det å fylle'
- 'noko som er fylt ut; det ein fyller med'