ordinasjon – Store norske leksikon (original) (raw)
Ordinasjon er innviing til kyrkjeleg teneste, først og fremst prestetenesta. Ordinasjonen skjer ved at prestekandidaten, som også blir kalla ordinanden, avlegg eit løfte til biskopen. Deretter kneler ordinanden medan biskopen og prestar og andre medverkande ber for ordinanden under bønn og handspålegging.
Faktaboks
Uttale
ordinasjˈon
I den katolske kyrkja er ordinasjon eit sakrament. Dei evangelisk-lutherske kyrkjene ser ikkje på ordinasjonen som eit sakrament, men som noko som gir den ordinerte rett til å forkynne Guds ord og forrette dåp og nattverd på vegner av kyrkjelyden (meinigheita).
I Den norske kyrkja
I Den norske kyrkja er vilkåret for å bli ordinert at ein er tilsett i («kalla til») ei konkret teneste som krev fullmakt for å forkynne og forrette dåp og nattverd. Det krevst profesjonsutdanning i teologi. Før ordinasjonen må ordinanden ha ein ordinasjonssamtale med biskopen, som avgjer om ordinanden er klar for å ordinerast. Sjølve ordinasjonshandlinga går føre seg i ramma av ei høgmesse der biskopen forrettar, assistert av prosten og tre til fem prestar.
Ved ordinasjonen tek ordinanden eit løfte der hen lover å forkynne Guds ord ifølgje Bibelen og vedkjenninga til kyrkja, forvalte sakramenta etter Jesu Kristi innstifting og kyrkjeordenen, formane kyrkjelyden til omvending, tru og heilaggjering, og dessutan sjølv å leve etter Guds ord og stadig halde fram med teologisk fordjuping.