pel – Store norske leksikon (original) (raw)
Kan pel vere det same som den ustandardiserte måleeininga beger?
Eg siterar frå bloggen min:
«I Knut Knutson Gjære si dagbok kjem ein over eit beger, ja, skrive på mange ulike måtar, t.d. bierge:
‹1817 Korn aVling Dete aar var
Byg 6 Tynder 5 siepe 12 bierge
Halv 35 Tynde 5 siepe 56 bierge
Havre 6 siepe 2 bierge
Til sammen 42 Tynde 2 siepe 70 bierge
tusket [trusket] og avslaget Den 11. Februari 1817
Potet Avling var 26 Tynde i Det aar 1816 [1817?]›
I arkeolog Krogsæter sin fotnote til fyrste gong dette målet her nemnast, står det følgjande:
‹Måleenheten beger var forskjellig fra kvern til kvern, og det er uvisst hvor stort målet er, men et kornmål på Tinn museum målet 0.3 (sīc) liter. Derimot har man kornmål på salg på utenlandske nettsider som rommer rundt 1 liter. Det kan også være at han bruker et beger som er en av de mindre «standard» størrelsene, og da kan det være snakk om pott, notting eller åttingkar som er brøkdeler av en tønne. 1 tønne = 4 fjerdinger = 8 skjepper = 16 settinger = 24 nottinger = 32 fjerdingkar = 64 åttingkar.›
Med ei tønne på hans tid sett til 144 pottar = 139,4 liter (NHL), får ein dermed at 1 fjerding = 34,85 liter, 1 skjeppe = 17,425 liter, 1 setting = 8,7125 liter, 1 notting = 5,808333 liter, 1 fjerdingkar = 4,35625 liter og 1 åttingkar = 2,178125 liter. Men kor stort begeret hans var? Det er ikkje godt å vite.
Kva gjeld skrivemåtar, finn ein det som over som bierge; i 1818 som brege, bregie og biergie (i samme notat!); i 1819 som bingie; i 1820 som bingie, biergie og bierge; men i 1821 konsekvent som biergie. Ein sit framleis att utan å vite kor stort begeret var, men det kan ha vore på storleik med ein pæl/pel.»