reinlender – Store norske leksikon (original) (raw)
Reinlender med turar også kalla Gammal reinlender, ein turdans basert på runddansen, var svært populær til framsyning i norske leikarringar. Her ser vi Norsk folkemuseums dansegruppe i 1958
Reinlender er namnet på ein norsk runddans i roleg to-delt takt.
Faktaboks
av tysk Rheinländer, ein person frå det tyske Rheinland
Dansen har ei enkel, nokså standard form (periodisk reinlender), som er den mest vanlege. Første del har to tretrinnsteg med fire sviktar der paret dansar framover side om side (laus reinlender), andre del er ein eintaktsnu der paret svingar rundt to gonger på fire eittrinnssteg med to sviktar. Somme held samdanstak og svingar litt frå side i første delen (fast reinlender).
På Austlandet blir elementa i dansen ofte brukt mykje friare (aperiodisk reinlender).
Andre land
Namnet reinlender blir brukt om andre dansar i andre land. I Danmark er reinlender-polka ein annan dans. og dansemønsteret blir til dømes kalla schottis eller pas de quatre i Sverige. Det er grunn til å tru at vår dans er inspirert frå Tyskland, der det også finst mange versjonar og mange namn som den norske forma har samanheng med.
Det finst også turdansar, både i Noreg og Sverige, laga på grunnlag av runddansen (gamal reinlender, reinlender med turar, Sunnmørsreinlender, Schottish).