rosesaum – Store norske leksikon (original) (raw)
Rosesaum er fleirfarga broderi med rosemønster, blomar eller blomeliknande, organiske former som hovudmotiv. Teknikken vert vanlegvis utført med ullgarn på ullstoff, men det vert og nytta garn av silke eller bomull.
Faktaboks
Også kjend som
rosesøm
Rosesaumen er ein del av vår folkelege broderitradisjon og har sitt utspring i rokokkomotens blomar. På tida da rosesaumen oppsto, vart brodering gjort på frihand. Det vil seie at det ikke var ferdig påteikna mønster på stoffet, og utøvaren måtte sjøl plassere motiv og detaljar. Som hjelp kunne ein merke opp slik at kvar rapport vart like lang, og nokre gonger tråkla eller teikna dei ein strek å følgje, men det meste vart fylt inn etter kvart. Dette krevde lang trening, og eit godt trena auge kunne lett sjå kven som hadde utført dei ulike broderiane. Teknikken vert halde i hevd i Tinn i Telemark der rosesaumen framleis vert gjort på frihand.
Anne Bamle som utarbeidde meir enn 100 ulike mønster til damebunader frå Aust-Telemark, var særs oppteken av rosesaum. Det var ho som flytte broderimotiva frå dei tradisjonelle sokkane i vadmel og opp på sjølve stakken.
Rosesaum blir sydd med mellom anna plattsaum, kontursting og kjedesting.