ting – forsamling – Store norske leksikon (original) (raw)

Ting var i Norden i gammal tid samankomstar for herad, fylke eller meir omfattande område der alle frie menn eller særskilt valde utsendingar møttest og drøfta saker av allmenn interesse, til dømes lovspørsmål og rettstvistar. Tinga fungerte som domstolar, og dei store tinga representerte også tilstrekkeleg fysisk makt til å fullbyrda dommar. Dei største tinga, kalla lagting, omfatta store delar av landet. Viss tinget på eit lågare nivå ikkje oppnådde semje i ei sak, kunne ein av partane leggja saka fram for eit ting på høgare nivå.

Les meir i Store norske leksikon