totalentreprise – Store norske leksikon (original) (raw)
Totalentreprise er ei entrepriseform som særleg blir brukt i samband med store bustadprosjekt. I dette tilfellet gjennomfører byggherren berre eit avgrensa utgreiings- og programmeringsarbeid, og anbodsinnbydinga inneheld ingen detaljkrav. Dei entreprenørfirmaa som vil vere med i konkurransen, må difor kvar for seg leggje ned eit stort prosjekteringsarbeid før dei kan levere anboda sine.