vektløfting – Store norske leksikon (original) (raw)
Solfrid Koanda idet hun forstår at hun har vunnet gullet i vektklassen 81 kg for kvinner i OL i Paris i 2024.
Vektløfting er ein kraftidrett der tohands vektstenger blir løfta frå golvet og til strake armar over hovudet. Etter løfteteknikken er vektløfting delt i øvingane rykk og støyt. I kvar øving har ein tre løft på valfrie vekter. Det tyngste løftet blir teljande. Resultata frå kvar øving blir summerte og gir den endelege resultatlista. I EM/VM blir det også kåra meistrar i deløvingane. Det er ti vektklassar for både menn og kvinner.
Ein annan idrett med løft av vektstenger er styrkeløft. Løfting av vekter er dessutan ei vanleg form for mosjonstrening, kroppsbygging og styrketrening i andre idrettar.
Utstyr
Ruth Kasirye i aksjon under lag-NM i Naustdal i desember 2007.
Utstyret består av ei metallstong med utskiftbare skivevekter trædd inn på hylser som omgir stonga i kvar ende (skivestong). Stonga åleine veg 20 kilo i konkurransar for menn og 15 kilo i konkurransar for kvinner. Stonga er 2,2 meter lang og har ein diameter på 2,8 centimeter. Hylsene er 5 centimeter i diameter og kan rotere rundt stonga. Greplengda på stonga mellom hylsene er 1,31 meter.
Skivevektene blir låste fast til hylsene mellom faste skivestopparar på innsida og 2,5 kilo tunge skivelåsar på utsida. Vektskivene har faste vekter på 25, 20, 15, 10, 5, 2,5, 2, 1,5 og 0,5 kilo. Dei fire tyngste har ein diameter på 45 centimeter og er dekte av plast eller gummi i ulike fargar.
Øvingar
Georgiske Lasha Talakhadze i øvinga rykk under EM i vektløfting i Førde i 2016.
I rykk skal skivestonga løftast over hovudet i éi rørsle. Dette skjer gjennom huksitjande (sitjerykk) eller ved at det eine beinet blir sett fram bøygd og det andre strekt tilbake (splittutfall), før løftaren reiser seg til strake bein.
I støyt er løftet delt i to fasar, frivending og overstøyt. I frivendinga blir skivestonga løfta i éi rørsle opp til brystet i skulderhøgd gjennom sitjevending eller splittutfall. I overstøyten blir stonga løfta over hovudet gjennom eit djupt splittutfall. Mellom frivending og overstøyt kan løftaren leggje skivestonga til rette på brystet og justere grepet, men løftaren må vere i ro før hen byrjar på overstøyten. I både rykk og støyt skal beina vere parallelle med kroppsplanet, og stonga og løftaren skal vere i ro før løftet kan godkjennast og skivestonga kan setjast ned.
Til og med 1972 var det også ei tredje øving kalla press. Øvinga var, som støyt, delt i to fasar, men frå brystet skulle skivestonga pressast opp over hovudet utan å bøye beina.
Konkurransereglar
I kvar øving har utøvaren tre forsøk med valfrie vekter. Etter eit vellykka løft går hen vidare til ein minst 1 kilo tyngre vekt (tidlegare minst 2,5 kilo tyngre), etter eit mislykka forsøk kan hen prøve ein gong til med same vekt. Ved rekordforsøk kan ein få ytterlegare forsøk.
Løftet vert utført på ei 4 × 4 meter stor plattform og må byrjast på seinast eitt minutt etter at løftaren har blitt ropt inn. Unntaket er dersom utøvaren løftar etter seg sjølv, utan andre utøvarar mellom forsøka. Då har vedkomande to minutt til rådvelde.
Løftet må godkjennast av minst to av dei tre dommarane. Domarane viser kvit lampe for godkjent løft eller raud lampe for underkjent løft.
Historikk
Den amerikanske vektløftaren Karen Marshall i rykk i slutten av 1980-åra.
Opphavet til vektløftinga ligg langt tilbake i tid i form av løfting av tunge steinar. Moderne vektløfting stammar frå Mellom-Europa midt på 1800-talet. Ein løfta då faste jernvekter i form av kulestenger eller jernkuler. «Sterke menn» reiste rundt og heldt oppvisningar, og den første store internasjonale konkurransen for menn blei halden i 1891.
Offisielle VM for menn er arrangerte frå 1905. Vektløfting stod på programmet i OL i 1896, 1904 og 1906, deretter frå og med 1920 etter at skivestonga var funnen opp. Til og med 1924 var det også OL-konkurransar i einarmsløft, deretter berre tohands trekamp (press, rykk og støyt) og frå og med 1976 tokamp (rykk og støyt). Kvinner deltok i VM frå 1987 og OL frå 2000.
Det internasjonale forbundet, International Weightlifting Federation (IWF), blei stifta i 1920 som Fédération Haltérophile Internationale, men reknar historia si tilbake til 1905, då den første internasjonale vektløftarorganisasjonen kom.
Vektløfting i Noreg
Vektløfting. Stian Grimseth under OL i Athen 2004.
I Noreg blei interessa for vektløfting som konkurranseidrett vekt i 1930-åra. I 1938 blei vektløfting organisert som eit utval i Norges Bryteforbund, og det første NM-et for menn blei arrangerte i 1939. Norges Vektløfterforbund blei stifta i 1946. Den første norske konkurransen for kvinner fann stad i 1980, med NM frå 1982.
Noreg arrangerte EM i vektløfting i 2016. Meisterskapen gjekk av stabelen i Førdehuset i Førde, med Tambarskjelvar IL og det norske vektløftarforbundet som arrangørar. Noreg skal arrangere VM i vektløfting 2025, også denne gongen med Førde som vertsby.
Vektklassar
IWF innførte sommaren 2018 ti nye vektklassar for kvinner og menn. Tala viser den øvre grensa for kvar klasse (utanom den tyngste klassen).
Menn | Kvinner |
---|---|
55 kg | 45 kg |
61 kg | 49 kg |
67 kg | 55 kg |
73 kg | 59 kg |
81 kg | 64 kg |
89 kg | 71 kg |
96 kg | 76 kg |
102 kg | 81 kg |
109 kg | 87 kg |
+109 kg | +87 kg |
Rekordar i vektløfting
Dei gjeldande verdsrekordane i dei tyngste vektklassane var inntil mars 2018 på 220 kg i rykk, sett av Lasha Talakhadze (Georgia), og 263 kg i støyt for herrar, sett av Hossein Rezazadeh (Iran). Talakhadze hadde også samanlagtrekorden med 477 kg. For kvinner var det løfta 155 kg i rykk, 193 kg i støyt og 348 kg samanlagt – alle rekordane tilhøyrde russiske Tatiana Kashirina.
Det internasjonale vektløftarforbundet (IWF) endra i 2018 vektklassane i vektløfting. Etter dette har Talakhadze dei nye verdsrekordane i +109-kilosklassen med 225 kg i rykk, 267 kg i støyt og 492 kg samanlagt. Alle rekordane blei sette under VM i Tasjkent (Usbekistan) i desember 2021. I den tyngste kvinneklassen, +87 kilo, har Kinas Li Wenwen alle dei tre verdsrekordane. Desse er på 148 kg i rykk, 187 kg i støyt og 335 kg samanlagt.
Kjende norske vektløftarar
Noregs fremste utøvarar i meisterskap har vore Leif Jenssen (olympisk meister 1972), Solfrid Koanda (olympisk meister, europameister og verdsmeister), Eivind Rekustad (VM-bronse og EM-sølv i press), Stian Grimseth (europameister i rykk og EM-bronse samanlagt) og Ruth Kasirye (sølv og bronse i EM).