Personvernerklæring - Digitalarkivet (original) (raw)

Norges lover i bokutgave fra 1993.

Foto: Tone Merete Bruvik, 2018

Offentlegheit og følsame opplysningar

Arkivverket er pålagd å fylgje offentleglova. Alle har rett til innsyn i dei dokumenta som skapast i kontakten mellom oss og publikum. Det betyr likevel ikkje at alle dokument er tilgjengeleg utan atterhald eller lasta opp på internett. Dokument som er underlagd teieplikt etter lov, vil alltid vere skjerma for alle andre enn dei som har rett til innsyn etter lova.

Din kontakt med Arkivverket

Du kan kontakte oss på fleire måtar. Den primære kanalen for privatpersonar vil vere våre kontaktskjema, men du kan også kontakte oss gjennom nettforumet i Digitalarkivet, brev, telefon eller ved personleg oppmøte.

Alle førespurnadar som fører til sakshandsaming, blir journalførte hos oss. Vår journal er offentleg og tilgjengeleg på internett, men søk i søkemotor gjev ikkje treff på namn i journalen.

Hugs at namnet ditt vil bli synleg i den offentlege journalen når du ber om innsyn.

Du har rett til innsyn i dei opplysningane me har lagra om deg gjennom din kontakt med oss.

Bruk av informasjonskapslar (cookies)

Arkivverket nyttar informasjonskapslar (”cookies”) for å analysere det generelle brukarmønsteret på arkivverket.no og digitalarkivet.no. Informasjonskapslar er små tekstfiler som nettstadene lagrar på brukaren sin datamaskin. Filene kan berre lesast av nettstadene og brukaren sjølv, og blir for eksempel nytta for å finne ut om brukaren har besøkt nettstadene før, tidspunkt for besøket og kva nettstad brukaren kom frå. Arkivverket nyttar informasjonskapslar for å betre arkivverket.no og digitalarkivet.no. Informasjonskapslane inneheld ikkje personopplysningar.

Du kan hindre at informasjonskapslar blir lagra på datamaskinen ved å endre innstillingane i nettlesaren.

Analyseverktøy for webstatistikk

Arkivverket nyttar analyseverktøyet Google Analytics for å samle inn informasjon om nettstadene arkivverket.no og digitalarkivet.no. Google Analytics nyttar informasjonskapslar. Arkivverket er ansvarleg for arkivverket.no og digitalarkivet.no, og bestemmer kva opplysningar Google kan hente inn om bruken av nettstadene. Google Analytics mottek berre generell webstatistikk som for eksempel informasjon om nettlesartype, tidspunkt, språk og kva nettside brukaren kom frå.

I tråd med vanleg praksis på Internett, blir brukaren si IP-adresse registrert av arkivverket.no og digitalarkivet.no. Men Arkivverket har valt å legge inn eit script som fjernar dei siste siffera frå IP-adressa før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Dette gjer at analyseverktøyet kan anslå brukaren si geografiske plassering, men adressa kan ikkje nyttast til å identifisere den enkelte. Dei mottekne opplysningane er underlagde Google sine retningslinjer for personvern.

Arkivverkets heimeside

Når ein gjer søk på arkivverket.no og undersider, registrerast IP-adressa frå den nytta dataeininga. Du kan og kontakte oss direkte gjennom skjema på heimesida. Kontakt gjennom skjema blir handsama på same måte som e-post, og av tryggleiksomsyn bør ein her òg vurdere kva ein sender usikra over nett.

Nettstaden nyttar informasjonskapslar. Me nyttar ikkje informasjonskapslar for å lagre personinformasjon. Du kan sjølv skru av informasjonskapslar i nettlesaren.

Arkivportalen

Du kan tinge tenester gjennom arkivportalen.no. For at me best mogleg skal kunne hjelpe deg, treng me å vite kven du er. Dei opplysningane du gjev oss, nyttar me berre for den aktuelle tinginga og eventuell oppfølging. Opplysningane slettast frå dette systemet når førespurnaden er behandla ferdig, men dei kan bli overførd til andre system.

Om tinginga gjeld arkivmateriale til bruk på lesesal, vil ho bli overført til eit internt tingingssystem kor opplysningane kan bli lagra i opp til 10 år.

Om førespurnaden din fører til ordinær sakshandsaming, vil den bli ført over i vårt journalsystem, og eventuelt rekneskapssystem om det er ein teneste som krev betaling. Opplysningane blir lagra i desse systema. Sidan journalen er offentleg, kan andre få vite om alle førespurnader til Arkivverket, både med namn og tema. Unnatak er dei opplysningar som er regulert av teieplikta med heimel i forvaltningslova og offentleglova.

Nettstaden nyttar informasjonskapslar. Me nyttar ikkje informasjonskapslar for å lagre personinformasjon. Du kan sjølv skru av informasjonskapslar i nettlesaren.

Digitalarkivet

Du treng ikkje å registrere deg for å søke eller bla i digitaliserte arkiv i Digitalarkivet (digitalarkivet.no), men Arkivverkets systemansvarlege vil kunne lese av IP-adressa frå den nytta dataeininga. Nettstaden nyttar informasjonskapslar. Me nyttar informasjonskapslar for å kunne gi deg ei god teneste. Du kan skru av informasjonskapslar, men då kan noko funksjonalitet gå tapt. Du vil heller ikkje få tilgang til materiale som krev innlogging. Passord eller andre personlege opplysningar blir ikkje lagra i informasjonskapslane.

Du kan registrere deg som brukar i Digitalarkivet og få ein brukarkonto. Me krev da registrering av namn og e-postadresse, fordi me vil vite kven du er. Du kan nytte brukarkontoen til deltaking i debattfora og lagring av personlege innstillingar, og du kan nytte brukarkontoen til å identifisere deg når du nyttar funksjonen Gje tilbakemelding i Digitalarkivet. Brukarkontoen er òg ein føresetnad for å kunne få tilgang til digitalisert arkivmateriale som ikkje er fritt tilgjengeleg, og for å kunne få tilgang til verktøya Arkivdigitalisering og Metadataredigering, som vert nytta i samband med Digitalarkivet som nasjonal publiseringsplattform.

Når du deltek i debattfora på Digitalarkivet, blir namnet ditt synleg saman med debattinnlegga du skriv. E-postadressen blir ikkje synleg for andre enn Arkivverkets moderatorar. Me gjer deg merksam på at namn og debattinnlegg vil kunne finnast igjen av søkemotorar. Det er ikkje satt noka grense for kor lenge debattinnlegg blir lagra.

Nyttar du funksjonen Gje tilbakemelding, vil dine tilbakemeldingar bli lagra saman med namn og e-postadresse. Det er ikkje satt noka grense for kor lenge tilbakemeldingane blir lagra.

Dersom du får digital tilgang til digitalisert arkivmateriale som ikkje er fritt tilgjengeleg for alle, og/eller dersom du får tilgang til verktøya Arkivdigitalisering og Metadataredigering, knytta til ein eller fleire verksemder, blir tilgangar som du har eller har hatt, lagra saman med namnet og e-postadressen din.

Personopplysningane som lagrast, er kun tilgjengelege for interne avdelingar i Arkivverket. Me samlar ikkje inn opplysningar for å kunne analyse korleis brukarar navigerer i og nyttar tenestene. Me deler ikkje personlege data om individuell bruk av våre tenester.

Når du brukar biletsøket på Digitalarkivet og nyttar «søk med biletet»-funksjonen, vil bileta du lastar opp bli mellombels lagra i 7 dagar. I denne perioden kan bilet­a bli gjort tilgjengelege for produktutviklingsteamet i Arkivverket, for å vurdere nytta av funksjonen. Bileta blir deretter sletta etter 7 dagar.

Gotisk handskrift-app

Appen «Gotisk håndskrift» opnar for læring, lesing og leik med gotisk handskrift.

Appen kan lastast ned gratis frå Google Play og App Store, og fungerer både på smarttelefon og lesebrett, men har einskilde avgrensingar på smarttelefonar med eldre programvare. Appen fungerer ikkje på PC eller Mac.

Ved nedlasting av appen nyttast dei personopplysningane du allereie har i Google Play og App Store for å kunne gje tilgang til appen, noko som er i samsvar med brukarvilkåra ved bruk av desse tenestene.

Facebook-deling i appen brukar Facebooks API for deling. Login handsamast av Facebook. Det blir generert eit bilete av den gotiske teksten som blir sendt med, men ingen personopplysningar blir registrerte eller lagra i appen.

Appen registrerer ikkje «cookies».