Irland – Lille norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Hovudstad

Dublin

Innbyggjartal

5,01 millionar

Storleik

68 890 km²

Statsform

republikk

Statsoverhovud

president Michael D. Higgins

Språk

irsk, engelsk

Nasjonaldag

17. mars

Valuta

euro

Flagg

plassering av Irland på jordkloden. Kart

Irland (mørkegrønt) ligg i Europa (lysegrønt).

Irland er eit land vest i Europa. Landet grensar til Storbritannia. Irland er òg namnet på øya Irland ligg på. Denne øya er delt mellom Irland og Storbritannia. Hovudstaden heiter Dublin.

Natur og klima

Plassering av Irland med naboland rundt, kart.

Irland og nabolanda

Irland har kyst mot Atlanterhavet i vest. Landet blir òg kalla 'den grøne øya' fordi det er mange sletter og grøne enger i landet.

Det er òg innsjøar, elver, åsar og låge fjellområde i landet. Langs kysten er det mange klippar og fjordar. Det høgaste fjellet heiter Carrantuohill, 1041 meter over havet. Nasjonaldyret er hare. Det lever òg rådyr, grevlingar, røyskattar og piggsvin i landet.

Energien i landet kjem frå ei blanding av naturgass og fornybare energikjelder, som vindkraft.

Klimaet i Irland gjev varme somrar og milde vintrar med lite snø.

Folk og kultur

En stor parade i en bred bygate. Først går noen med store grønne flagg og bak dem et musikkorps. Gatene rundt er fulle av folk som ser på. foto

Nasjonaldagen 17. mars blir kalla St.Patrick's Day og blir feira av irar over heile verda. Her er frå ei feiring i Dublin.

Over 90 prosent av befolkninga i Irland er irar. Mange av innbyggjarane har keltisk opphav. Keltarane kom til området på 400-talet.

Dei siste tiåra har mange av innbyggjarane flytta frå landsbygda og inn til dei større byane. I dag bur rundt 65 prosent i byar og tettstader. Offisielle språk er irsk og engelsk. Kristendom er den største religionen, og dei fleste er katolikkar.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 6 til 16 år. Dei fleste elevane held fram på vidaregåande skule.

Fotball er den mest populære sporten blant barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Irland er ein republikk med president som statsoverhovud. Landet er eit demokrati, og det er val kvart femte år. Det er statsministeren og regjeringa som styrer landet.

Mange menneske i Irland jobbar med helse og handel. Landet tener pengar på å selje matvarer, legemiddel og maskiner til andre land.

Irland er medlem av mellom anna FN og EU.

Historie

Det har budd menneske i Irland i rundt 9000 år. Dei eldste byane i Irland blei grunnlagde av norske og danske vikingar rundt år 800.

I 1050 tok England kontroll over Irland. Frå 1801 blei øya ein del av Storbritannia. Mellom 1845 og 1849 hadde dei store problem med å dyrke nok mat, særleg poteter. I den tida utvandra over ein million irar til USA, medan like mange døydde av mangel på mat.

Etter fleire opprør på byrjinga av 1900-talet fekk Irland meir sjølvstyre i 1922. Irland blei eit heilt sjølvstendig land i 1949. Den nordlegaste delen av landet heldt fram med å vere ein del av Storbritannia, under namnet Nord-Irland.

Etter den globale finanskrisa i 2008 fekk Irland store pengeproblem. Landet fekk mellom anna stor gjeld. Dei siste åra har økonomien blitt betre. Irland er i dag eitt av dei landa i verda med høgast inntekt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sten Lundbo

Siviløkonom, tidligere ambassadør