Stillehavet – Lille norske leksikon (original) (raw)
Stillehavet ligg mellom Asia, Australia og Amerika.
Havskjelpadder bur i dei varme delane av Stillehavet. Denne skjelpadda er fotografert i nærleiken av Hawaii.
Påskeøya i Stillehavet er éi av dei mest isolerte øyane i verda der det bur menneske.
Stillehavet er det største havet på Jorda, og ligg mellom Asia og Australia i vest og Amerika i aust. Havet dekkjer nesten ein tredel av overflata på Jorda.
Havet er rundt 169 millioner kvadratkilometer stort. Midt i Stillehavet går ekvator og deler havet i ein nordleg og ein sørleg del.
Djupn
Stillehavet er i gjennomsnitt over 4000 meter djupt. Marianegropa vest i Stillehavet er det djupaste punktet i havet, og på jorda, om lag 10 935 meter under havoverflata. Det er djupare enn Mount Everest er høgt.
Temperatur
Kartet viser område langs kysten av Australia, Asia og Amerika som ofte blir kalla Eldringen. Dette er område der dei store platene i jordskorpa kolliderer. Dermed er desse områda svært utsette for jordskjelv og vulkanutbrot.
Overflatetemperaturen i Stillehavet varierer frå ned mot 0 grader på grensa mot Polhavet og Sørishavet, til omlag 30 grader ved ekvator.
Havbotnen
Havbotnen i Stillehavet består av undersjøiske fjellkjeder, enorme sletter og djupe dalar. Fjellkjedene er danna ved at jordplatene har glide frå kvarandre. Dei djupe dalane blir danna, når jordplatene har støytt mot kvarandre.
Der jordplatene glid frå og mot kvarandre på havbotnen, blir det ofte vulkanutbrot og jordskjelv. Mange øyar har blitt skapte av undersjøiske vulkanutbrot, som for eksempel Hawaii (USA).
Havstraumar
Vatnet i havet er i stadig rørsle, både som bølgjer og havstraumar. Havstraumane blir påverka av vind, temperatur, saltinnhald, rotasjonen til jorda og forma på havbotnen. Havstraumane i Stillehavet bevegar seg i hovudsak med klokka nord for ekvator og mot klokka sør for ekvator.
Den mest kjende havstraumen er Humboldtstraumen (Perustraumen) som følgjer kysten av Sør-Amerika mot nord og fraktar med seg kaldt og næringsrikt vatn frå Sørishavet.
Tyfonar og tsunamiar
Kraftig vind som oppstår vest i Stillehavet blir kalla tyfonar. Dei er intense lågtrykk, med mykje skyer og regn. Tyfonane kan gjere stor skade, dersom dei kjem inn over låge øyar og kystområde.
Vulkanutbrot og jordskjelv på havbotnen kan utløyse lange bølgjer, som blir kalla tsunami. Dei kryssar Stillehavet i stor fart, opptil 720 kilometer i timen. Når slike bølgjer kjem inn mot land, veks bølgjehøgda frå berre halvmeteren til mange meter. Dei kan slå langt innover land og øydeleggje store område.
Øyar
I Stillehavet ligg det omkring 25 000 øyar. Dei fleste øyane tilhøyrer den minste verdsdelen, Oseania.
Stillehavets største øy er Ny-Guinea, som er verdas nest største øy, etter Grønland. Øya er delt mellom Papua Ny-Guinea i aust og Indonesia i vest.
Nokre av dei mest isolerte øyane i verda der det bur folk, er Påskeøya (Chile) og Pitcairn (Storbritannia).
Namnet
Havet fekk namnet Stillehavet av Ferdinand Magellan. På 1500-talet var han og dei andre om bord i skipa hans, dei første til å segle rundt heile jorda. Han hadde kryssa Atlanterhavet og segla rundt Sør-Amerika i dårleg vêr. Plutseleg vart havet rolegare og han kalla havet Mar Pacífico. Det er spansk og betyr «det stille havet».
Les meir i Vesle norske leksikon
Faktasjekk av
Førsteamanuensis, Universitetet i Bergen