godteri – Lille norske leksikon (original) (raw)

Ulike skålar fylt med godteri, mellom anna sukkertøy og chips.

Både søte og salte ting, som er laga for å smake godt, blir kalla godteri. Ofte blir dei salte tinga òg kalla snacks.

Godteri er smågodt, sjokolade og liknande. Snacks, som for eksempel potetgull, kan også reknast som godteri. Sidan det er laga for at det skal smake godt, blir det kalla godteri.

Smågodt

Smågodt har ulike smakar og fargar. Det har òg ulik konsistens. Det vil seie at det kan vere geléaktig, hardt eller mjukt, søtt eller salt.

Laurdagsgodt

Foto av påskeegg i papp med eit fargerikt motiv. Egget er delt i to på langs. Den eine halvdelen ligg med utsida og motivet opp, den andre ligg som ei skål, og er fylt med lakrisbåtar, grøne kuler, eit marsipanegg og sjokolade forma som mynter med gullpapir.

Påskeegg er tradisjon i mange familiar.

I Noreg er det ganske vanleg å ete godteri på laurdagar, då blir det kalla laurdagsgodt.

I Sverige på 1950-talet fann forskarar ut at ein fekk hol i tennene viss ein åt mykje sukker. I 1957 tilrådde difor dei som gav helseråd i Sverige, at barn berre burde ete godteri på laurdagar. På svensk heiter godteri godis. Det nye ordet blei derfor lördagsgodis. Dei som gav råd om helse i Noreg, var einige i rådet frå Sverige. Etter eit par år byrja ein å snakke om laurdagsgodt i Noreg også.

Det er også vanleg å ete godteri

Helse

Det er ikkje sunt å ete for mykje godteri. Det smakar godt, men kan innehalde mykje sukker eller feitt. Sukker kan gje hol i tennene.

Historie

Mennesker har alltid vore glade i søte ting og godteri:

Les meir i Vesle norske leksikon