gras – Lille norske leksikon (original) (raw)
Timotei er ein vanleg grasart. Den er det viktigaste graset som blir dyrka som fôr i Noreg. Mange er allergiske mot timotei.
Gras er plantene som dekker plenane i hagar og parkar, som veks i eng og beiter, og på grassletter.
Gras er grøne og smale planter. Dei har ein rund, hol stengel med leddknutar, smale blad og små blomar. Nokre er veldig små, medan andre kan bli fleire meter høge.
Artar
Det finst veldig mange ulike artar av gras. Forskarar trur det finst omtrent 13 000 ulike artar.
Bruk
Mange av grasa er viktige som fôr til dyr. Nokre grastypar er dyrka som mat for menneske, og dei er viktige i kosten vår. Kornsortane, som havre, rug, kveite og bygg er gras. Det same er ris og mais og bambus. Bambus vert blant anna nytta til å byggje ting.
Les meir i Vesle norske leksikon
Faktasjekk av
Førsteamanuensis, OsloMet – storbyuniversitetet