laks – Lille norske leksikon (original) (raw)

Laks

Laks er ein vanleg fisk i Noreg. Laksen blir født i elvar, men lever store deler av livet i havet.

Mykje laks blir produsert i oppdrettsanlegg, og han er ein viktig matfisk. Det blir selt mykje av denne laksen til andre land. Laksefiske i elvane er òg ein populær sport.

Beskriving

Laks kan ha forskjellige fargar. Alderen og staden han lever er med på å bestemme fargen. På sida av kroppen har laksen ofte prikkar og flekkar. Undersida av fisken er lysare.

Den største laksen er oftast ein hann, men mange hannar er ofte ganske små. Hoene er òg ofte store. Den største laksen blir sjeldan tyngre enn 20 kilo.

Levevis

En laks som svømmer i en elv.

Dei første åra av livet lever laks i elvar. Når dei blir større, svømmer dei til havet.

Dei første åra av livet lever laks i elvar. Når dei blir større, svømmer dei til havet. Då blir dei kalla smolt. Laks kan svømme lange avstandar. Forskarar har funne ut at dei kan svømme 100 kilometer på eitt døgn.

Laksen i havet et ofte fisk, men også andre små byttedyr og fiskelarver.

Laksen lever i det nordlege Atlanterhavet, frå Europa til Grønland og Nord-Amerika. Han kan svømme opp i elvar frå Portugal og heilt nord til Russland.

Det finst ikkje laks i Stillehavet. Der er det mange andre liknande artar, som blir kalla stillehavslaks. Det finst òg nokre laksar som aldri dreg til havet. Dei blir ofte kalla dverglaks.

Formeiring

Når fisk skal formeire seg, heiter det å gyte. Laksen gyter vanlegvis i oktober og november. Då svømmer laksen til ei elv. Holaksen grev egg ned i grusen i botnen av elva. Hannlaksen sprøytar mjølke (sæd) over egga. Så blir egga liggjande under grusen gjennom vinteren.

Om våren kjem små yngel ut av egga. Yngelen lever først under grusen. Etter nokre veker kjem dei opp frå grusen. Dei små fiskane blir då kalla parr, og er cirka to cm lange.

Dei små fiskane må klare seg sjølve i elva ,og lever av små insektlarvar. Når fiskane er to til fem år gamle, svømmer dei til havet. Dette skjer om våren. Så blir laksane i havet, heilt til dei skal tilbake til elva, for å gyte sjølv.

Færre laks

Oversiktsbilde av firkantede merder i en fjord. Det er høye fjell i bakgrunnen.

Det er vanleg med oppdrett av laks. Då lever fisken i merder. Biletet viser fiskeoppdrettsanlegg med merder i Selfjorden, Lofoten.

I Noreg har det blitt færre laks dei siste tiåra. Dette har fleire grunnar.

Ein liten parasitt i huda har gjort at mange laksar har døydd. Nokre stader har også forureining og arbeid i og rundt elver ført til at det har blitt færre laks. Ein annan viktig grunn er lakselus, som er ein annan parasitt som et på huda til laksen.

Oppdrett

Det er vanleg med oppdrett av laks. Då lever fisken i merder. Merder er store bur av netting som flyt i sjøen. Når laksen er passeleg stor, blir han slakta.

Det er mange som er bekymra for at oppdrett kan skade villaksen. Av og til klarer laks å rømme frå merdene. Laksen som har rømt, kan då smitte den ville laksen med sjukdommar og lakselus. Mange arbeider for å finne ein måte å drive oppdrett på, som ikkje skader den ville laksen.

Noreg er det landet i verda som sel mest laks frå oppdrett.

Les meir i Vesle norske leksikon